mandag 7. juni 2010

Opprydding

Ved opprydding i papir m.m. i samband med flytting kom eg over ei gammal bloggadr..2 år er gått sidan eg var inne her sist. Har gløymt ut at eg hadde sida og har vel dessutan hatt altfor mykje å halda på med utanom til å vedlikehalda denne. Kanskje eg skal prøva å endra på det...?

2 år, 2 flyttingar, 2 bryllup å arrangera, men nå har eg iallefall berre EIN jobb...;)

mandag 18. februar 2008

Hei, igjen. Nå er det gått ei veke sidan me var på kurs. Har vore travelt opptatt med møter, andre kurs og jobbing ( har de andre merka at møtene har ein tendens til å hopa seg opp på omlag same tidspunkt..:)) så eg har ikkje prioritert å setja meg meir inn i kursmaterialet. Korleis går det med dokke andre?? I morgon skal eg ha ein etterlengta fridag og skal ha ein kosedag i Haugesund saman med døtrene mine: Skal vera med Malin på brudesalong og prøva brudekjole til bryllupet hennar i juni. Det blir gøy!!

mandag 11. februar 2008

Aldri for seint å læra gamle hundar å gøy

Hallo alle sammen. Nå er eg på kurs for å læra å laga min eigen blogg.. Jippi!!! Detta ska bli interessant. Har iallefall fått forståing for at skal eg bli med i det sosiale på web, må eg læra å blogga...har fått masse heimelekser nå og kanskje eg kjem i kontakt med alle dokke som (seier dokke) er aktive bloggerar..:)